onsdag 20. juni 2012

Varden x 2

Emma og eg mot Varden
Donald Duck? Neida - Emma og Ruth på truger
To søndagar - to turar på Varden.
20. mai var veret godt, så Emma og eg pakka trugene med Varden i sikte. Det var no bart opp til Nakkjen, og derifrå tok vi på trugene. Mykje fliring og gøy :-) Vi trengte ikkje trugene så veldig langt, for vi fylde ryggen opp  mot toppen,  og der var det ikkje snøv. Litt meir øverst, men det gjekk greitt. Kassa på Varden hadde forsvunne i løpet av vinterern, og frøken Dagmar er hovudmistenkt. Dermed låg det an til ein oppfølgingstur "Ruth on a mission". Flott på toppen som alltid, store skavlar ved varden så her måtte ein vakte sine skritt og ikkje gå forlangt utpå.

Flotte varden på Varden med ny turkasse!
Neste søndag som var pinsedag, vart mor og far med, denne gongen med splonka ny turkasse og bok i sekken. Klart at ein fjelltopp med respekt for seg sjølv må ha ei kasse! Også denne søndagen var veret flott, ganske varmt oppover lia, og i tillegg veg ei slik kasse eindel - så det vart litt svetting. Det meste av snøv var vekk, så turen ovai Nakkjen gjekk lett. Bles litt også på toppen.
Vi demonterte litt varde, og fekk på plass kassa. Litt streng rundt, så sitt den blegg fast - no kan Dagmarar og andre damer med skumle hensikter berre kome!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar