onsdag 14. september 2011

Kløvstien med Turlaget 24. august


Oppover går det.

Dette var ein tur eg tenkte var litt lite spennande å gå, men der tok eg grundig feil. Det var ein heftig og flott tur.
Vi gjekk frå nederst i Trollstigen, der er ei bru der det flatar ut. Litt skog i byrjinga, og så startar stigninga. Kløvstien var rusta opp for nokre år sidan, og dei har laga til kjetting å halde seg i på dei mest utsatte partia. Korleis dei før i tida greidde å få kveg og hestar ned her, er eit komplett mysterium. Det måtte no ha gått nokre krøtter-liv på desse sleipe bratte svaberga.
Kløvstien
Så ser vi Stigefossbrua over oss, og vi kjem inn på vegen. Vi fyl den oppover eit stykke før kløvstien tek av igjen. Det er godt merka. Herifrå vert det lettare. Medan ein enno nyt å gå, er ein brått oppe. Vi brukte 1 time og eitt kvarter.   Kjempetur – anbefalast.

Fokhaugtind 20. august


Johan, Emma og Hallbjørg med Fokhaugtind i bakgrunnen.
Det var helg, laurdagsveret var stålande og det kribla i kroppen etter å gå ut. I fjor var Emma med på Dyrdalstind, og eg lovd ho at vi i år skal gå på Fokhaugtind, nabotoppen på Langsætrane. Så i dag passa det perfekt. Mor og far vart også med. Ikkje verst å få med foreldra sine når dei er i siste halvdel av 60-åra!

Fokhaugtind er på 1241 moh og er ein av toppane som omkransar Langsætrane.  Vi gjekk innover mot Dyrdalen, og ettekvart skråa vi oppover(skråa og skråa – vi gjekk vel mest rett opp…). Det er inga rås til toppen. Vi gjekk gjennom bregneskog, og det var ikkje lett å fote seg. Dermed rulla eg(i oppoverbakke). Ute av bregneskogen kom ura. Litt vegetasjon innimellom, men etterkvart vert landskapet temmeleg goldt. Fokhaugtind består av mykje laus ur, så ein må passe sine steg.
Oppover berst det. Vi får no utsikt til Storevatnet og Kamben. Ei lita grå rype spring mellom steinane og freistar å gøyme seg. 
Opp gjennom ura
Opp her skal vi - Emma leder an.

Klyvjing på Fokhaugtind.
Litt utfordringar må ein ha, så tett under toppen klartar vi opp ein skrent. Går bra, det! Som vanleg får ungdommen rakett i rævva når vi er nesten oppe, og skal vere først på toppen. Og det vert ho :-). Endeleg oppe på Fokhaugtind 1241 moh! Hærleg! Det er forunderleg flatt og grøderikt på toppen. Fint å sette seg i lyngen/mosen og ete nista si og skue utover. Vi ser smale Dyrdalen, dei to vatna i Storådalen, Langsætrane og  Overøye med alpintraseen – lovely!

Emma er først på toppen!
Posering framfor Varden.
Flott utsikt mot Stolen og Rolvsbotnskorkja.
Full avslapping for han far.
Vi unner oss ein lang god pause på toppen. Men klokka går, og vi må tilslutt tenke på nedturen. Ura består av ganske store steinar, så heile kroppen må takast i bruk på nedturen.  Vi hoppar, aker oss, bøyer oss, klivrar. Noko ein forresten kjende att i heile kroppen dagen etter, ikkje slike bevegelsar ein normalt brukar på ein fottur, nei.
Emma akar seg ned ura frå Fokhaugtind.

Vi kjem oss nedom det verste av ur, og bestemmer oss for å ta ei litt anna rute, utpå ein rygg for å sjå på ei flott utsikt.
- Går det an å gå ned her då? Det vart visst ganske bratt, ja. Vi aka oss på rompa nedover ei mosekledd kløft, men det gjekk bra! Vel nede i bregneskogen er det pappa sin tur å rulle. Sakte kontrollert overtipping. Nummeret før han havna i ein liten bekk. Vi flirar godt. Vi kjem inn i krattskogen og brasar gjennom fjellbjørk eit stykke, før vi finn råsa frå Dyrdalen. Den er sleip etter alt regnet som har vore, så brått sklir eg og deiser i bakken. Vi flirar :-)

 
Vi brukte fire timar opp, og 6,5 timer totalt. Super tur, flott utsikt og bra trening til heile kroppen.