|
Johan, Emma og Hallbjørg med Fokhaugtind i bakgrunnen. |
Det var helg, laurdagsveret var stålande og det kribla i
kroppen etter å gå ut. I fjor var Emma med på Dyrdalstind, og eg lovd ho at vi
i år skal gå på Fokhaugtind, nabotoppen på Langsætrane. Så i dag passa det
perfekt. Mor og far vart også med. Ikkje verst å få med foreldra sine når dei
er i siste halvdel av 60-åra!
Fokhaugtind er på 1241 moh og er ein av toppane som
omkransar Langsætrane. Vi gjekk innover
mot Dyrdalen, og ettekvart skråa vi oppover(skråa og skråa – vi gjekk vel mest
rett opp…). Det er inga rås til toppen. Vi gjekk gjennom bregneskog, og det var
ikkje lett å fote seg. Dermed rulla eg(i oppoverbakke). Ute av bregneskogen kom
ura. Litt vegetasjon innimellom, men etterkvart vert landskapet temmeleg goldt.
Fokhaugtind består av mykje laus ur, så ein må passe sine steg.
Oppover berst det. Vi får no utsikt til Storevatnet og
Kamben. Ei lita grå rype spring mellom steinane og freistar å gøyme seg.
|
Opp gjennom ura |
|
Opp her skal vi - Emma leder an. |
|
Klyvjing på Fokhaugtind. |
Litt utfordringar må ein ha, så tett under toppen klartar vi
opp ein skrent. Går bra, det! Som vanleg får ungdommen rakett i rævva når vi er
nesten oppe, og skal vere først på toppen. Og det vert ho :-). Endeleg oppe på
Fokhaugtind 1241 moh! Hærleg! Det er forunderleg flatt og grøderikt på toppen.
Fint å sette seg i lyngen/mosen og ete nista si og skue utover. Vi ser smale
Dyrdalen, dei to vatna i Storådalen, Langsætrane og Overøye med alpintraseen – lovely!
|
Emma er først på toppen! |
|
Posering framfor Varden. |
|
Flott utsikt mot Stolen og Rolvsbotnskorkja. |
|
Full avslapping for han far. |
Vi unner oss ein lang god pause på toppen. Men klokka går,
og vi må tilslutt tenke på nedturen. Ura består av ganske store steinar, så
heile kroppen må takast i bruk på nedturen.
Vi hoppar, aker oss, bøyer oss, klivrar. Noko ein forresten kjende att
i heile kroppen dagen etter, ikkje slike bevegelsar ein normalt brukar på ein
fottur, nei.
|
Emma akar seg ned ura frå Fokhaugtind. |
Vi kjem oss nedom det verste av ur, og bestemmer oss for å
ta ei litt anna rute, utpå ein rygg for å sjå på ei flott utsikt.
- Går det an å gå ned her då? Det vart visst ganske bratt, ja. Vi aka oss på
rompa nedover ei mosekledd kløft, men det gjekk bra! Vel nede i bregneskogen er det pappa sin tur
å rulle. Sakte kontrollert overtipping. Nummeret før han havna i ein liten bekk. Vi flirar godt. Vi kjem inn i
krattskogen og brasar gjennom fjellbjørk eit stykke, før vi finn råsa frå Dyrdalen.
Den er sleip etter alt regnet som har vore, så brått sklir eg og deiser i
bakken. Vi flirar :-)
Vi brukte fire timar opp, og 6,5 timer totalt. Super tur,
flott utsikt og bra trening til heile kroppen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar