søndag 29. mai 2011

Hammaren og Klebergsætra i Liabygda

Emma, Hallbjørg, Johan, Bjørn og Oskar over Ansok.
Søndag morgon 29. mai, frukosten er fortært og kårfolka i 2. etasje(mine foreldre) vil ut på tur. Vi studerer ei stund, og kjem fram til at Liabygda er plassen å gå på i dag.
Dermed vert heile familien utkommandert. Oskar er ikkje glad i å gå tur, men han får kontrollen over GPSen, så går det litt lettare. Gutar og tekniske duppedingsar...

Vi køyrer opp til parkeringa til Ringsetsætra. Her går vegen innover forbi Ansok og nesten fram til Kleberget. Ein liten del av vegen rasa ut i vinter, og denne er forsterka med jenrplate og grove kjettingar. Ikkje anbefalt å køyre bil over. Råsa er fin opp til Hammaren, ikkje så bratt. Vi kosar oss og ser på fjorden nedanfor oss. Hurtigruta er på veg inn til Geiranger.
Utsikt frå Hammaren.

Vi rastar opp på Hammaren, 430 moh. Folket som eig plassen her, og vi kunne ikkje sette oss til utpå tunet, der det er best utsikt mot Synnylvsfjorden. Kaffi, sjokolade og turmixen smakar fortreffeleg likevel.
Vi kosar oss med sjokolade.

Ungane og far i huset vil nedatt, men vi sprekaste vil gjerne lenger opp, til Klebergsætra 590 moh. Råsa er litt brattare opp hit. Fjellsida er full av gammal skog, bjørk og gammal furu. Mange furutre er daude, og lagar fasinerande skulpturar der dei ligg. Vi finn oss eit utsiktspunkt, og drikk siste skvetten med kaffi. Det er ein del attvokse, og ved å fjerne 3-4 tre, hadde det vore ei fantastisk utsikt. Då kunne ein sjå både fjorden og Strandafjella. Men vi har no ikkje med motorsag.

Hallbjørg og Johan på Klebergsætra.
Vi ser ei regnversskur kome inn Synnylvsfjorden, og set kursen nedover. Heldigvis reiser skura innover mot Valldal/Tafjord, og ikkje mot oss. Samtidig med at vi går nedatt, kjem hurtigruta tilbake frå Geiranger. Vi kappkøyrer, og ser så vidt i ho når vi kjem tilbake til Stordal.

Hurtigruta på veg ut fjorden. Stranda i bakgrunnen.
Flott tur på ein flott søndag.

mandag 23. mai 2011

Synfaring på Verahornet, Ørskog

Toppen av Verahornet
Onsdag 18. mai var vi alle vel nøgde med å gå i tog. På jobben ville vi få til ein tur på Verahornet over Sjøholt, 518 m.o.h. Dels fordi eg måtte sjekke ut ruta til neste onsdag, for då er det tur med Stordal Turlag, og dels for å få til litt sosialt.
Ingunn og eg var klar - men det var no ingen andre...Dermed inviterte Ingunn med ei veninne, og vi hadde ein kjekk tur. Litt kronglete oppgjennom Sjøholtbakkane, men trur eg skal greie å finne fram ein gong til.

Flott skog første del av turen, og god utsikt over tregrensa. Lett tur i lett terreng, godt opptrakka rås.
Utsikt mot Sjøholt

Ingunn og eg i vinden.

Spreke som vi er(hehe) tok vi likegodt å gjekk turen opp i dei gamle malmgruvene, ikkje langt frå der vi var. Der var det strakst brattare tilkomst. Første gruveinngangane gjekk innover og var trygge å gå. I ei gruve litt lenger oppe, gjekk det rett ned i avgrunnene. Fasinerande! Kasta stein og fann ut at det kanskje var 15-20 meter ned.
Skimter malmgruvene i bakgrunnen.

Vel tilbake i bilen, kom også regnet, som vermeldingane hadde trua med.

søndag 15. mai 2011

Varden 15. mai

Søndag 15. mai starta med sol og fint ver. Men då frokosten var unnagjort, skya det over, og likna meir på det vêrmeldarane melde. Ja,ja - det var no framleis turvêr.
Meg i skodda på toppen av Varden.

Fekk ikkje med turfølge, så tok meg ein tur på varden 831 m.o.h. Brukte ca 1 time opp til Nakkjen, og ein time til til toppen. 100 meter frå toppen kom skodda sivande, og vel oppe kom regnet også. Men litt bløyte toler eg, då!
Ein liten varde før toppen.
Flott utsikt over Storfjorden og Stordalsholmen.

Gomla fort i meg brødskiva, og satte kursen nedatt. Traff ein anna turgåar på Nakkjen, og slo følge eit stykke. Regnet vart no kraftigare og råsa glattare. Det endte med at eg sklei på ei rot inni granskogen, og traff med rumpa på samme rota. Au! Håper eg greier å sitje på jobb i morgon...

søndag 8. mai 2011

Dyrkornstranda

Ruth Janne, Emma og Bjørn på tur. Oskar ikkje med på bildet, for han hadde hastverk med å kome fram til kiosken.
Søndag 8. mai, nydeleg ver, delvis skya men mest sol og 18 varmegrader. Familien på tur frå Dyrkorn utai tunellen til Kokarsteinen. Der har dei softis :-). Fin tur på asfaltveg. Heggen blomstra og morelletrea var allereie avblomstra.

onsdag 4. mai 2011

Oppsummering turar fram til no

Søndag 10. april:  første turen til Mebusætra

17. april: Nakkjen saman med mor og far

Turbloggen min!

Endelig på nett med turbloggen min. Skal prøve å legge inn etterkvart eg går turar no framover.
Emma og Hallbjørg på Varden 30. april 2011.
Det er no 4. mai, men allereie har eg vore på årets første topptur - nemeleg til Varden 840 moh. Turfølge var mor Hallbjørg og dotter Emma. Kjekt selskap å gå saman med.
Veret var strålande, varmen god. Litt snø på flata over Nakkjen, men likevel lett å gå over.
Super tur - anbefalast. Trur dette må vere "min topp".