onsdag 20. juni 2012

Gruveblues på Sjøholt

Eg og arbeidskamerat Ingunn
Blues i ei gruve langt oppe i fjellsida på Sjøholt - kven kan motstå ein sånn opplevelse?
Ørskog har sin årlege bluesfestival, og hadde kick-off i gruvene på Lied. Her er nokre gamle malmgruver, nokre går innover og ein går rett ned. Litt sikring, masse vedkapping - og vips kan ein invitere til konsert i fjellet.

Last Train Home Bluesband
Turen opp er bratt og når det i tillegg hadde regna litt - var det ganske sleipt også. Heldigvis hadde dei lagt ut tau ein kunne halde seg i.

Omlag 4 - 500 hadde samla seg, og fekk ein flott konsert med Last Train Home Bluesband. Bra musikk, bra selskap, tøft opplegg!
Etter to  timar med blues og litt om historia til malamgruvene, var dei fleste nøgde,  kalde, og pjaska seg nedatt. Som prikken over ien kom det litt snøv/sludd på tur nedatt. Rett så uforgløymeleg :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar