lørdag 12. mai 2012

Jaa - ny tursesong!

Endeleg byrjar snøven å trekke seg godt opp i høgfjellet, og vi kan ta føtene fatt. Rett nok har mister snøv kasta eit par snøfall over oss, men ikkje nok til at vi held oss heime.

På brua overelva - snart oppe.
Mebusætra
Første oppovertrakket skjedde søndag 15. april. Målet var Mebusætra attmed mor og far. Det var fint opp til brua, men derifrå måtte vi vaspe oss gjennom snøven. Vi flaut litt på skara, for så å trakke gjennom til langt over kneet. Vi kom oss opp, og var godt nøgde.

Søndagen etter, den 22. april, måtte vi prøve oss på Nakkjen; Emma, mor og eg. Eg var så lur(?) at eg drassa med meg mine nyinnkjøpte(og dyre) truger. Kjøpt etter å ha gått amokk på netthandelen, greidde ikkje å slutte å by. Trugene vart mine for 352 NOK. Menn akk - så kom porto oppå det, og totalprisen vart nærare 600 kr. Tok å sjekka prisen i etterkant, og ein kan få liknande truger til 399,- kr. Ikkje mitt beste varp asso...

Dei to utan truger.
På truger!
Råsa var fin og snølaus opp til over Tåja.  Der tok eg på meg trugene. Har aldri prøvd truger før, men må seie at det var ein morosam opplevelse. Flira godt der eg trakka som Donald Duck oppover. Bratt var det også. Trugene kom til sin rett når det vart litt flatare terreng. Kjekkt med truger! Emma og Hallbjørg måtte vaspe i snøen. Eg var først opp :-)
Vi kom oss opp alle tre!

Flott regnboge over Ålesund.
På toppen av Sukkertoppen
Tredje turen kom eit par veker etterpå, etter at Emma var godt og vel konfirmert. Onsdag 9. mai var vi på Sukkertoppen attmed Stordal Turlag. 9 stk var med på oppstart-turen, derav 5 frå familien Vinje/Græsmo. Emma, mor, far, onkel Finn og eg. Vi møtte ei regnbyge på veg mot toppen, men ellers var det eit flott ver. Sol og greier. Såg langt utover og innover - Godøya, Vigra, Brandal, Lauparen og andre flotte innafjords-fjell. Litt dis var det, men vi var vel nøgde med utsikta frå "by-toppen". Glatt og sleipt var det, mykje gjørme i råsa - det hadde nok regna meir uttafor enn heime. 

Snø mot Mosætra.
Eg hadde no att ei av dei tre "standard- sætrene" i Stordal - Mosætra. Det er ein veldig fin tur, ikkje så bratt som dei to andre, og med betre utsikt. Sidan mor og far hadde lurt seg avgarde på Nakkjen ein dag eg låg og var pjusk, nøyta eg med laurdags ettermiddag den 12. mai. Veret denne dagen var ustablit, men i tre-fire tida stakk sola fram, og eg fann fram Devold-ull og fjellsko. Brukte tre kvarter opp, og måtte skunde meg siste biten, sidan eg høyrde nokon kom attai meg i råsa. Fekk skrive meg inn i boka, og fått att pusten, og der kom Anita og Vigdis. Hyggeleg selskap på veg nedatt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar