Ein tur ein kvar ihuga fjellvandrar burde ha prøvd. Vi også. Dermed pakka dotter Emma, mor, far og meg sjølv sekken, og satte kursen ned i dalom. Kjekt å ha foreldre med campingvogn, og etter ei heller låk natt på harde campingvognsenger, vakna vi til flott ver og ein forlokkande Bessegg.
Vi tok båten "Gjende" inn til Memurubu, saman med 100 andre. Mykje danskar, "Besseggen Travel" må ha brukt mange markedsføringskroner hos grannelandet. Vel i land var det null problem å finne vegen, det var berre å følge straumen. Vi var nok ikkje dei einaste, nei...Frå Memurubu er det stigning, men der det flatar ut, var det heilt greitt å gå. Litt meir opp, forbi eit lite vatn litt meir bortover og vi kom omsider til bandet.
Hit skal vi! |
Huff -korleis skal detta gå? |
Det ein no trur, er at det verste er gjort. Til info: slik er det ikkje. Etter Besseggen er det eit fjell som skal forserast; Veslfjellet på 1743 moh. Dette er eit slikt fjell, der ein trur ein ser toppen, men so er det ein ny topp framom. Slik gjekk det i det uendelege. Men omsider kom vi til toppen med den største varden, og Emma og eg kasta stein på varde. Jippi!
Klatring på eggen |
Mor og far med Gjende og Bessvatnet i bakgrunnen |
Steinkasting på stor varde på Veslfjellet |
Med alle våre pauser og fotoshoot, brukte vi godt timar på turen. Vi var slitne, og det gjorde godt å kome "heimatt" i campingvogna. Det var ein fornøyelse å betale 30 kroner for å få dusje i åtte minutt(yeah-right).
Ruth på tur! |
På turen ser ein ymse skalg folk som ein bit seg merke i.
Vi har for eksempel det engelske ekteparet. Ho gjekk foran mesteparten av turen, og han kom bak med små skritt. Dei var nok rundt 80 eller so.Vi held fylje nesten heile vegen, for engelskmann-paret gjekk jamt og trutt, medan vi skulle ta så mykje bilde og sjå hit og dit. Men tur du ikkje at dei gjekk frå oss etter siste toppen! Fortærande!
Dei andre vi beit oss merke i var den danske familien i dongribukser. Dei hadde ikkje så mykje profft turutstyr, kan ein seie, dongri, lette jakker og joggesko. Når vi nådde dei att oppi, og det var ganske tidleg på turen, halta den eine sonen. Han var kanskje tidleg i tenåra. Broren støtta han av og til, men mest halta han avgarde sjølv.
Likeins som med engelskmann-paret, nådde vi dei att, dei passerte oss, osv. Stakkars guten som halta seg over Besseggen, det såg skikkeleg låkt ut på slutten. Då støtta faren han, medan vi ikkje kunne sjå mora(kanskje gått i forvegen?) Håper dei kom seg nedatt og fekk orden på foten.
Long way home... |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar