onsdag 17. august 2011

Tur med Stordal Turlag

Stordal Turlag på Ljøbrekka
To turar forrige veke, først Ljøbrekka På Hellesylt, og seinare storturen Holmen - Tua - Fjelladalen - Stavseng.

Pust i bakken
Ljøbrekka går frå Herdalen i Stranda til Ljøen på Hellesylt. Flott tur, litt skodde i starten, men vi fekk utsynet over Geiranger- og Synnylvsfjorden på tur ned.
På Tua med utsikt mot Stordalen


Søndag gjekk vi frå Stordalsholmen over Tua til Stavseng. Kjempetur i kjempever!
Begge turane vert lagt ut på heimesida til turlaget: www.stordalsportalen.no/stordalturlag.
Jan og eg har akkurat gått ein snøbretunell.Foto: Alexander Oudjik

tirsdag 16. august 2011

Besseggen 4. august

"Har du gått Besseggen?"

Ein tur ein kvar ihuga fjellvandrar burde ha prøvd. Vi også. Dermed pakka dotter Emma, mor, far og meg sjølv sekken, og satte kursen ned i dalom. Kjekt å ha foreldre med campingvogn, og etter ei heller låk natt på harde campingvognsenger, vakna vi til flott ver og ein forlokkande Bessegg.

Vi tok båten "Gjende" inn til Memurubu, saman med 100 andre. Mykje danskar, "Besseggen Travel" må ha brukt mange markedsføringskroner hos grannelandet. Vel  i land var det null problem å finne vegen, det var berre å følge straumen. Vi var nok ikkje dei einaste, nei...Frå Memurubu er det stigning, men der det flatar ut, var det heilt greitt å gå. Litt meir opp, forbi eit lite vatn litt meir bortover og vi kom omsider til bandet.
Hit skal vi!

Huff -korleis skal detta gå?
Ho mor med høgdeskrekk såg no med grøss og gru opp på den smale Besseggen. Kor skal detta gå?  Etter litt inntak av næring, klatra vi avgarde. Litt klyvjing er det, men ikkje avskrekkande. Emma for som ein rakett oppover, og vi såg ho ikkje att før på toppen.

Det ein no trur, er at det verste er gjort. Til info: slik er det ikkje. Etter Besseggen er det eit fjell som skal forserast; Veslfjellet på 1743 moh. Dette er eit slikt fjell, der ein trur ein ser toppen, men so er det ein ny topp framom. Slik gjekk det i det uendelege. Men omsider kom vi til toppen med den største varden, og Emma og eg kasta stein på varde. Jippi!

Klatring på eggen
Mor og far med Gjende og Bessvatnet i bakgrunnen
Resten av turen var lang. Ein skal mykje lenger tilbake enn ein skulle tru, før det endeleg går nedoverbakke. Ein ser parkeringsplassen ved enden av Gjende og campingplassen langt der nede.
Steinkasting på stor varde på Veslfjellet

Med alle våre pauser og fotoshoot, brukte vi godt  timar på turen. Vi var slitne, og det gjorde godt å kome "heimatt" i campingvogna. Det var ein fornøyelse å betale 30 kroner for å få dusje i åtte minutt(yeah-right).

Ruth på tur!
Folk ein legg merke til
På turen ser ein ymse skalg folk som ein bit seg merke i.
Vi har for eksempel det engelske ekteparet. Ho gjekk foran mesteparten av turen, og han kom bak med små skritt. Dei var nok rundt 80 eller so.Vi held fylje nesten heile vegen, for engelskmann-paret gjekk jamt og trutt, medan vi skulle ta så mykje bilde og sjå hit og dit. Men tur du ikkje at dei gjekk frå oss etter siste toppen! Fortærande!
Dei andre vi beit oss merke i var den danske familien i dongribukser. Dei hadde ikkje så mykje profft turutstyr, kan ein seie, dongri, lette jakker og joggesko. Når vi nådde dei att oppi, og det var ganske tidleg på turen, halta den eine sonen. Han var kanskje tidleg i tenåra. Broren støtta han av og til, men mest halta han avgarde sjølv.
Likeins som med engelskmann-paret, nådde vi dei att, dei passerte oss, osv. Stakkars guten som halta seg over Besseggen, det såg skikkeleg låkt ut på slutten. Då støtta faren han, medan vi ikkje kunne sjå mora(kanskje gått i forvegen?) Håper dei kom seg nedatt og fekk orden på foten.

Long way home...
Og Besseggen - kva synest vi? Eg kunne ikkje hjelpe for at eg gjekk å tenkte på for ei perle det kunne ha vore utan alle turistane. For det var ein kjempeflott tur, men samtidig prega av slitasje etter at 30 - 40 000 går der kvart år. Eg har gått Beseggen - ja - men det vert nok med denne eine gongen. Trur eg skal finne meg nokre litt meir uberørte fjell - det har Norge nok av :-)

søndag 10. juli 2011

Stabbeskaret 9. juli

Første kneika. Trollstigen i bakgrunnen
Det ryktast at mor og far var på baksida av Trollveggen i Romsdalen for omlag 100 år sidan. Dermed er vel tida inne for å gjenta bragden, denne gong i føgje med barn og barnebarn :-)

Laurdagen opprann med ok ver - kunne gå begge vegar, i følgje diverse verforståsegpåarar. Første dagen i ferien - dermed litt lang morgon, men kl. 12.30 var vi på toppen av Trollstigen blandt turistar og utbyggjarar. Vi tok fort av frå den asfalterte gangvegen ut til utsiktspunkta, og kom oss inn i meir ulendt terreng(der vi trivast best!)


Emma i Stigebotnen
Frå Trollstigen er det litt stigning opp til Stigebotnen. Her ligg også eit vatn, der Stigefossen kjem frå.Vi fortsatte oppover, og her var det berre ur. Vi møter eit turfølgje frå Tsjekkia som stavrar seg nedatt ura. Litt nordmenn her også, frå Austlandet, høyrest det ut som.

Trollveggen frå baksida. Stabben til høgre.
Ura fortset heile vegen opp. No ser vi brått Stabben og dei andre tindande i Trollveggen. Imponerande skue, sjølv frå baksida. Dei kjem på ein måte nærare og er enno meir ruvande herifrå. Vi kjem inn på eit litt flatare parti, som heiter Frokostplassen, før det igjen vert stigning. Vi må over nokre snøbrear, meir ur, og endeleg nærmar kanten seg. Ein gammal tysker med frue som passerte oss i innspurten jodlar der oppe, og snart kan vi også juble.
Emma kikar utfor kanten
Juhuu!

For eit skue! Det er "breathtaking"! 1000 meter rett ned til vakre, grøne Romsdalen. Og rett ved sidan av oss dei taggete tindane. Stabbeskaret er verkeleg verdt alt slitet. Vi brukte vel 3 timar opp i bedageleg tempo. Veret var på vår side, litt skye, litt sol, og kun nokre få regndropar. Og varmt.Fantastisk tur i akkurat passeleg ver.
Johan, Hallbjørg og Emma på kanten av Stabbeskaret
Vakre Romsdalen langt der nede

Men all good things must end - vi måtte nedatt også. Eg var slett ikkje klar, måtte skifte objektiv på kameraet, få på knestøtter, så reisefølget starta før meg. Men eg berre måtte ta ein liten kikk utfor kanten igjen før nedfarten. Kor fantstisk heldig vi er så får bo i dette vakre landet og ikkje minst her i Møre og Romsdal.

Eg fræsa avgårde og tok att Emma, mor og far nedi. Mor er lett på foten(fjellgeita!) og sprett frå stein til stein, vi andre karar oss nedover litt seinare. Vi snur oss og er bekymra for tyskerdama som har vonde kne. Vi ser dei etter oss, og vonar at dei kjem seg heile nedatt.

Sliten og møydde og "høg" på opplevinga, unner vi oss ein softis i Valldalen. Dette er ein plass ein berre MÅ gå på fleire gongar, og då skal vi finne Bruraskaret også!
Imponerande skue!

Mosætra 6. juli

Emma, Hallbjørg, Johan og Sølvi på Mosætra
Dette var ein av dei få fine dagane hittil, men det er om å gjere å ikkje dovne vekk. Fekk med søskenbarn Sølvi, dotter Emma, mor & far på trimtur til Mosætra.
Sveitta gjorde vi, men det var likevel godt. Eg er forresten ein skikkeleg flått-magnet, knipsa vekk fire stykk berre på denne turen. Heldigvis ingen som rakk å bite seg fast.

mandag 27. juni 2011

Varden og Vikahornet 13. juni

Frå Midtbusteggja mot Varden
Endeleg ein dag med opphaldsver! Det har vore ein uanminneleg (eller...?) våt og kald og trist forsommar. Det er no snart juli, og det bøtter ned.

For eit par helger sidan var det altso ein fin dag. Eg hadde tenkt meg på Sandfjellet, men der log skodda, så det vart Varden igjen, jaja - godt kjend der.

Eg starta med sykkel fram til Midtbust, og derifrå opp på Mebusætra. Det har vokse att mykje med bringebærkratt og anna kratt der det var granfelt før. Flåttane må ein berre knipse vekk, det er eindel av skiten i år.

Folksamt på Varden
Etter å ha konstantert at skodda framleis låg over Sandfjellet, var det berre å sette kursen mot det trygge - Varden. Veret var som sagt godt, og alle flugen i heile dalen sirkla kring haudet mitt.

To  personar kjem halsande bak meg, trur den eine er Elin(og eg hadde rett :-)).  Fint flatt parti over Mebueggja, før oppstigninga til Varden. På toppen møter eg kjentfolk, trur halve dalen er ute i dag. Det er bra, alltid fantastisk på fjellet når sola er framma!

Liten rast på Varden, men finn ut at eg ikkje vi stoppe der. Ringer heimatt og ordner skyss frå Dyrkorn, og går til Vikahornet. Lokker litt med softis på Kokarsteinen, då kjem familien og henter meg. Lur eg!

Ser du mannen på Dyrkorn?
Det er litt bratt nedatt frå Varden i retning Dyrkorn, men fjellpartiet til Vikahornet er flatt og fint å gå. God utsikt mot Dyrkornvatnet langt der nede.

Nærare Vikahornet ser ein også Storfjorden og Skotet på andre sida. Det er også folk på Vikahornet, og dei kjem i møte. Høyrer eit hyl, og ser ei rype flakse. Jaudå, nokre småjenter hadde skremt opp ei rype(eller var det omvendt...).

Seglbåt passerar Skotet
Sender SMS til Bjørn og akkurat i det eg kjem ned på Vikastølen, svingar den beige Toyotaen også inn. Perfect timing! Softis og ein liten kvil på Kokar-steinen, og alle er fornøgd med dagen.

mandag 6. juni 2011

Storheimshornet 2. juni

Utsikt frå Mosætra mot Stordal
Kva er no vel meir passande enn å gå ein topptur på himmelspretten? Jauda, Turlaget skal ha tur til Storheimshornet søndag om nokre veker, og ved å legge denne turen inn på www.morotur.no kan turlaget vinne ein premie på 10000,- kr. Morotur er fylket sin turportal.
Eg fekk med Hildegunn frå turlaget, og saman gjekk vi opp turen med GPS. Vi starta i flau sol opp til Mosætra, 450 moh. Vidare opp Moheia, som er eit myrområde. Derifrå tok vi straka vegen til toppen av Mohornet, 883 moh. No forsvann sola som hadde varma oss oppgjennom lia, og vinden tok sterkt tak.Rett så kaldt og hustrigt, vart det!

Hildegunn nærmar seg Mohornet
Etter  ein liten matpause bak ein knaus, bars det mot Storheimshornet.Det er ikkje mykje stigning når ein først er på Mohornet. Snøven låg enno, men den var lett å gå på. Høgaste varden på Storheimshornet ligg på ca 1054 moh, men for å sjå litt av Stordalen, må ein nedatt eit stykke, til 1048.Etter ein kjapp fotosession, gjekk vi nadatt på vestsida av Storheimshornet. Det er litt brattre denne vegen, men det ser verre ut enn det er.


Eg på Storheimshornet - jippi!


Ein hammar nedom Storheimshornet.
Vi hadde no to valg. Enten gå langt, over elva Rikjenda og til Mebusætra og ned der, eller prøve å finne ei rås ned før Rikjenda. Vi valgte det siste alternativet. Her var mange hjortetrakk, men inga rås. Denmed brasa vi ned skogen og fjellsida etter delvis synlege hjortetrakk. Vi vasa oss utpå nokre hamrar, og måtte finne passasje forbi desse. Vi kom omsider ned til flatare landskap, inn på "ovai gardane"-råsa. Vi følgde den til Holt, og rekvirerte min bror til å køyre oss framatt til Mo, der bilane var parkert.

søndag 29. mai 2011

Hammaren og Klebergsætra i Liabygda

Emma, Hallbjørg, Johan, Bjørn og Oskar over Ansok.
Søndag morgon 29. mai, frukosten er fortært og kårfolka i 2. etasje(mine foreldre) vil ut på tur. Vi studerer ei stund, og kjem fram til at Liabygda er plassen å gå på i dag.
Dermed vert heile familien utkommandert. Oskar er ikkje glad i å gå tur, men han får kontrollen over GPSen, så går det litt lettare. Gutar og tekniske duppedingsar...

Vi køyrer opp til parkeringa til Ringsetsætra. Her går vegen innover forbi Ansok og nesten fram til Kleberget. Ein liten del av vegen rasa ut i vinter, og denne er forsterka med jenrplate og grove kjettingar. Ikkje anbefalt å køyre bil over. Råsa er fin opp til Hammaren, ikkje så bratt. Vi kosar oss og ser på fjorden nedanfor oss. Hurtigruta er på veg inn til Geiranger.
Utsikt frå Hammaren.

Vi rastar opp på Hammaren, 430 moh. Folket som eig plassen her, og vi kunne ikkje sette oss til utpå tunet, der det er best utsikt mot Synnylvsfjorden. Kaffi, sjokolade og turmixen smakar fortreffeleg likevel.
Vi kosar oss med sjokolade.

Ungane og far i huset vil nedatt, men vi sprekaste vil gjerne lenger opp, til Klebergsætra 590 moh. Råsa er litt brattare opp hit. Fjellsida er full av gammal skog, bjørk og gammal furu. Mange furutre er daude, og lagar fasinerande skulpturar der dei ligg. Vi finn oss eit utsiktspunkt, og drikk siste skvetten med kaffi. Det er ein del attvokse, og ved å fjerne 3-4 tre, hadde det vore ei fantastisk utsikt. Då kunne ein sjå både fjorden og Strandafjella. Men vi har no ikkje med motorsag.

Hallbjørg og Johan på Klebergsætra.
Vi ser ei regnversskur kome inn Synnylvsfjorden, og set kursen nedover. Heldigvis reiser skura innover mot Valldal/Tafjord, og ikkje mot oss. Samtidig med at vi går nedatt, kjem hurtigruta tilbake frå Geiranger. Vi kappkøyrer, og ser så vidt i ho når vi kjem tilbake til Stordal.

Hurtigruta på veg ut fjorden. Stranda i bakgrunnen.
Flott tur på ein flott søndag.