Viser innlegg med etiketten Varden 2011. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Varden 2011. Vis alle innlegg

mandag 27. juni 2011

Varden og Vikahornet 13. juni

Frå Midtbusteggja mot Varden
Endeleg ein dag med opphaldsver! Det har vore ein uanminneleg (eller...?) våt og kald og trist forsommar. Det er no snart juli, og det bøtter ned.

For eit par helger sidan var det altso ein fin dag. Eg hadde tenkt meg på Sandfjellet, men der log skodda, så det vart Varden igjen, jaja - godt kjend der.

Eg starta med sykkel fram til Midtbust, og derifrå opp på Mebusætra. Det har vokse att mykje med bringebærkratt og anna kratt der det var granfelt før. Flåttane må ein berre knipse vekk, det er eindel av skiten i år.

Folksamt på Varden
Etter å ha konstantert at skodda framleis låg over Sandfjellet, var det berre å sette kursen mot det trygge - Varden. Veret var som sagt godt, og alle flugen i heile dalen sirkla kring haudet mitt.

To  personar kjem halsande bak meg, trur den eine er Elin(og eg hadde rett :-)).  Fint flatt parti over Mebueggja, før oppstigninga til Varden. På toppen møter eg kjentfolk, trur halve dalen er ute i dag. Det er bra, alltid fantastisk på fjellet når sola er framma!

Liten rast på Varden, men finn ut at eg ikkje vi stoppe der. Ringer heimatt og ordner skyss frå Dyrkorn, og går til Vikahornet. Lokker litt med softis på Kokarsteinen, då kjem familien og henter meg. Lur eg!

Ser du mannen på Dyrkorn?
Det er litt bratt nedatt frå Varden i retning Dyrkorn, men fjellpartiet til Vikahornet er flatt og fint å gå. God utsikt mot Dyrkornvatnet langt der nede.

Nærare Vikahornet ser ein også Storfjorden og Skotet på andre sida. Det er også folk på Vikahornet, og dei kjem i møte. Høyrer eit hyl, og ser ei rype flakse. Jaudå, nokre småjenter hadde skremt opp ei rype(eller var det omvendt...).

Seglbåt passerar Skotet
Sender SMS til Bjørn og akkurat i det eg kjem ned på Vikastølen, svingar den beige Toyotaen også inn. Perfect timing! Softis og ein liten kvil på Kokar-steinen, og alle er fornøgd med dagen.

søndag 15. mai 2011

Varden 15. mai

Søndag 15. mai starta med sol og fint ver. Men då frokosten var unnagjort, skya det over, og likna meir på det vêrmeldarane melde. Ja,ja - det var no framleis turvêr.
Meg i skodda på toppen av Varden.

Fekk ikkje med turfølge, så tok meg ein tur på varden 831 m.o.h. Brukte ca 1 time opp til Nakkjen, og ein time til til toppen. 100 meter frå toppen kom skodda sivande, og vel oppe kom regnet også. Men litt bløyte toler eg, då!
Ein liten varde før toppen.
Flott utsikt over Storfjorden og Stordalsholmen.

Gomla fort i meg brødskiva, og satte kursen nedatt. Traff ein anna turgåar på Nakkjen, og slo følge eit stykke. Regnet vart no kraftigare og råsa glattare. Det endte med at eg sklei på ei rot inni granskogen, og traff med rumpa på samme rota. Au! Håper eg greier å sitje på jobb i morgon...

onsdag 4. mai 2011

Turbloggen min!

Endelig på nett med turbloggen min. Skal prøve å legge inn etterkvart eg går turar no framover.
Emma og Hallbjørg på Varden 30. april 2011.
Det er no 4. mai, men allereie har eg vore på årets første topptur - nemeleg til Varden 840 moh. Turfølge var mor Hallbjørg og dotter Emma. Kjekt selskap å gå saman med.
Veret var strålande, varmen god. Litt snø på flata over Nakkjen, men likevel lett å gå over.
Super tur - anbefalast. Trur dette må vere "min topp".