Viser innlegg med etiketten Mosætra. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mosætra. Vis alle innlegg

søndag 10. juli 2011

Mosætra 6. juli

Emma, Hallbjørg, Johan og Sølvi på Mosætra
Dette var ein av dei få fine dagane hittil, men det er om å gjere å ikkje dovne vekk. Fekk med søskenbarn Sølvi, dotter Emma, mor & far på trimtur til Mosætra.
Sveitta gjorde vi, men det var likevel godt. Eg er forresten ein skikkeleg flått-magnet, knipsa vekk fire stykk berre på denne turen. Heldigvis ingen som rakk å bite seg fast.